Vintersong

Sover vreden på jorda? –når det er natt
eg står her og undrar på
Stjernehimmel-kva du kan sjå.

Blir hatet lei av å hate? -når det er natt
Kan kalde tankar tinast ned
Drøymer alle om ro og fred?

Kan mødrer frå alle tider- i denne natt
trøyste alle born som lir
Ta dei bort frå redsle og svolt og strid

Tenk om krigar gjekk over -i denne natt
eg står her og undrar på
korleis jorda ville sett ut då?

Tenk om det kunne vere sånn
ei stille vinternatt
Tenk om det kunne vere sånn
ei stille vinternatt

Dagar veks ut av mørkret-kvar enda natt
Lyset finn støtt ein veg
Og no vil eg det skal finne meg.

Eg vil at alle vonde tankar-i denne natt
Snur seg rundt og vender om
og forsvinn i denne Vintersong

Snart syng vi om stjerna som kom ei julenatt
Den som viste vegen til ein stall
ein bitteliten gut kom med fred, er oss fortalt
eg vil så gjerne tru at det er sant

Tenk om det kunne vere sånn
Ei stille vinternatt...
Tenk om det kunne vere sånn
i denne vinternatt.



Credits
Writer(s): Sigrid Terese Moldestad, Karl Johan Ankarblom
Lyrics powered by www.musixmatch.com

Link